Artikler > Sosiologi

Særnorsk skatt på arbeidende kapital kan være ulovlig

Av Einar Eldøy 25.11.2025

Studie viser at formueskatt på arbeidende kapital er ulovlig og strider mot menneskerettigheter

Jeg sakser fra Kystmagasinet: Kva seier dette om rettsstaten – og om demokratiet vårt?

Bedriftseigar Lars Oscar Øvstegård vil gå til sak mot staten over formuesskatten. Han meiner den er i strid med både menneskerettar og grunnlova, og stemnar staten for brot på Grunnlova og EMK.

  • Status no er alvorleg. Vi har regjeringsadvokatar som gjer alt dei kan for å hindre at saka om formuesskatten på arbeidande kapital blir prøvd for Sunnmøre tingrett.

  • Sosialistisk Venstreparti og Rødt vil auke formuesskatten på arbeidande kapital, ein skatt som er ekstremt øydeleggjande for norsk, lokalt eigarskap. Det er allereie ein auke på 107 prosent sidan Jonas GS kom til makta.

  • Fleire av landets og Europas fremste juristar meiner skatten kan vere konfiskatorisk og i strid med Grunnlova § 105. Deira studie slår fast at ingen andre land har ein konfiskatorisk formuesskatt på arbeidande kapital – berre Noreg.

  • Den samanliknande studien på 184 sider, utarbeidd av professor Mads Andenæs, Carl Baudenbacher – den lengstsitjande presidenten i EFTA-domstolen – og Laura Baudenbacher, er no internasjonalt publisert i bokform.

  • Nesten 400 eigarar av små og mellomstore bedrifter var med og finansierte studien gjennom Spleis.

  • Kva slags moralsk kompass har politikarar som vil auke ein skatt dei no er informert om kan vere ulovleg? Dei veit at staten er stemna for brot på Grunnlova og EMK.

  • Dette er krav om rettferdig behandling og like vilkår for norsk, lokalt eigarskap. Korleis kan det vere greitt å lyge om ein skatt som øydelegg norskeigd næringsliv?

  • Det er trist og skremmande å sjå korleis regjeringsadvokatane, finansministeren, finansdepartementet, statsministeren og politiske parti kan behandle sine eigne verdiskaparar med så lite respekt.

  • Når staten og politikarane vender ryggen til dei som faktisk byggjer landet, er det ikkje berre næringslivet som taper – det er Noreg.

  • Kva seier dette om rettsstaten – og om demokratiet vårt? Kva seier det om rettsstaten når staten sjølv motarbeider retten til å få prøvd ei sak som handlar om grunnleggjande eigedomsrett?

  • Og kva seier det om venstresida i norsk politikk – når dei med opne auge aukar presset og påfører store menneskelege konsekvensar for dei menneska som skapar arbeidsplassar, trygge skatteinntekter, lokalsamfunn og framtidig velferd?

  • Det burde vere eit heilt grunnleggjande krav i eit demokrati at dei som styrer landet snakkar sant til folket – særleg om skattar og rammevilkår som avgjer om norske arbeidsplassar overlever eller forsvinn.

  • Det norske folk fortener sanning

  • For meg verkar det som om regjeringsadvokaten gjer alt for at denne studien ikkje skal bli belyst i Sunnmøre tingrett. Kvifor kjempar dei så hardt for å hindre at saka blir løfta inn i rettssalen, viss makta ikkje har noko å frykte? Det norske folk og norskeigd næringsliv fortener sanning."

Linker til artikler

Kva seier dette om rettstaten og demokratiet vårt

Meiner skatt er i strid med menneskerettane – vil gå til sak mot staten Bedriftseigar Lars Oscar Øvstegård vil gå til sak mot staten over formuesskatten. Han meiner den er i strid med både menneskerettar og grunnlova.

Bilde Pexels andre Nino