Artikler > Frihet

Flyktningeguide i Røde Kors – ein ny dimensjon i kvardagen din

Av Einar Eldøy 20.8.2023

Meld deg på for det er moro, og flyktningane set pris på denne hjelpa

I mange år har mannen min og eg vore flyktningeguidar gjennom Røde Kors i Oslo. Dette er utan samanlikning det mest givande oppdraget eg har hatt utanom å fostre eigne born! Eg har difor lyst å dele dei positive erfaringane våre, slik at andre kan sjå at dette ikkje er noko «pes», men ei sann glede.


Flyktningeguide i Røde Kors

Dette er frivillig arbeid som du gjer på fritida, på same måte som arbeidet i hjelpekorpset. Ein melder seg interessert hjå Røde Kors, og ein får kurs og kunnskap om Røde Kors og grunnverdiane deira. Ein får òg vite kva «jobben» inneber og korleis dei ventar at du skal opptre overfor flyktningen for å skape den tryggleiken dei treng for å starte det nye livet sitt i trygge omgivnader. Som flyktningeguide er du vegvisaren til flyktningen inn i samfunnet, og er med på å gjere overgangen til eit nytt heimland lettare. Det viktigaste er kanskje likevel at flyktningen kan bli kjend med eit menneske i nærmiljøet som han/ho kan stole på, fordi vi er knytta til Røde Kors, som alle veit er ein hjelpeorganisasjon.

Vinteren er krevjande for mange flyktningar. Nokre av dei ventar berre på at han skal gå over. Men flyktningeguiden kan ta dei med på ski og snøleik så dei lærer seg å like den kalde årstida.

Du avgjer sjølv tid og ressursbruk

Det er du sjølv som avgjer korleis og kor ofte du vil følgje opp flyktningen og kva de skal gjere saman. Vi møtest gjerne to-tre timar ein gong i månaden, avtalt på førehand. Då kan vi berre møtast i byen, på kafé, eller dei aller fleste gongene, vil gjerne flyktningane at vi kjem heim til dei. Det kan vere at det er der dei kjenner seg tryggast. På den måten blir vi godt kjende med mattradisjonar, familien og vener, som ofte er der samstundes. Vi har invitert dei på hytta, heim eller på arrangement dei er interesserte i. Det aller viktigaste er språktreninga. Utanom treffa, snakkast vi på telefon eller chat om det er noko.

Personleg kjemi og kontakt må til

Dersom du skjønar at du ikkje har god kjemi med flyktningen Røde Kors meiner du passar saman med, kan du seie frå, og avbryte koplinga. Erfaringa er at flyktningane ikkje er medvitne om kva dette går ut på. Dei trur vi er tilsette i Røde Kors. Det har skjedd ein gong at vi måtte avbryte, då familien det dreidde seg om ikkje forsto kva dette var, og at vi hadde avtalar som dei skulle halde.

Vi flyktningeguidar er ein viktig ressurs

Ein kan sjølv tenkje seg kor bortkomen ein må føle seg, nett komen ut i samfunnet som er totalt forskjellig frå det ein kjem frå. Ikkje kunne språket. Ikkje kunne kodane. Å bli kjend med nokon som kan rettleie og vise vegen inn i det nye heimlandet gir ein kickstart for den vidare integreringa. Vi høyrer stadig om at det er så vanskeleg å bli kjend med oss som er fødde og oppvaksne i Noreg. Seinast no i vår fekk vi høyre frå flyktningane "våre", at vi har lært dei så mykje både om Noreg, korleis samfunnet vårt fungerer, og rettleidd dei i høve til kva utdanning dei kan velje ut frå der dei står og interessa dei har, og korleis dei skal kome i gang. Utan oss er dei usikre på om dei hadde hatt mot til å starte opp eingong.

Flyktningar kjem frå mange kantar av verda. Vi har vore kopla opp mot par frå land som høyrer heime i Asia, alle har vore muslimar, men sjølvsagt er det tilfeldig. Røde Kors finn fram til flyktningar dei trur vi passar saman med, og som dei trur vi kan hjelpe. Er du åleine, er det mest naturleg å få knytt til deg ein flyktning på nokolunde same alder, og fordi det oftast er trygt for dei med deira kultur, same kjønn. Eg skal nesten garantere at du får ein ny ven, og ei super moglegheit til å bli kjend med andre kulturar, og ei større forståing av korleis deira kultur er, men du skal ikkje spørje kvifor dei er her. Det har du ikkje noko med. Dei er godkjende for å vere her, that's it!

Sidan vi er eit par, har vi òg følgt par. Det siste paret vi har følgt, var unge, yngre enn borna våre. Det var heilt fantastisk å sjå kor glade dei var for alt vi kunne fortelje om korleis det er å leve her, og kva dei faktisk kunne gjere heilt fritt! Til dømes berre tusle inn i Rådhuset i Oslo for å sjå på kunsten, utan å bli stansa av vakter. Slikt som er ein sjølvsagt ting for oss. All samtale går sjølvsagt føre seg på norsk. Dei er akkurat etablerte i kommunen og har lært litt norsk når vi blir kjende med dei. Vi hjelper dei med å bli betre til å snakke norsk. Det er viktig for dei å snakke med "innfødde", for å høyre rett uttale. Sjølv har eg fleire gonger stilt opp ekstra og terpa norsk med dei, om dei skal ha prøvar.

Liten innsats, raskare integrering

Eg trur, og har fått tilbakemelding på det, at vi som brukar ein bitteliten del av fritida vår på desse medmenneska, bidreg sterkt til at dei lærer fortare norsk, og integrerer seg raskare. Vi hjelper dei med praktiske ting, korleis dei søkjer på utdanning, kva moglegheiter det finst for å vere med på ting som skjer osv. Ikkje minst - slik er det kanskje annleis i Oslo, der dei ofte er mange frå same land/kultur - blir vi inviterte til å vere med på kulturelle tilstellingar, gjerne med masse god mat, folkedans og tradisjonell musikk. Det er verkeleg lærerikt!

Det er viktig å skape tryggleik

For å skape tryggleik, er det viktig å ha respekt for den bakgrunnen dei har, både livserfaringa deira og kulturen og religionen. Samstundes er erfaringa vår, at det er viktig å seie frå korleis vi har det her, og korleis dei best kan integrere seg i Noreg, ved å akseptere spelereglane våre, og vere nysgjerrige på korleis vi gjer det her. Det som nesten har vore vanskelegast, er å få dei til å "sleppe seg utpå", altså våge å tru at dei kan gjere "kva som helst", utan å vere redde for at nokon kjem for å straffe dei.


Introduksjonsprogrammet

Det er obligatorisk for alle med flyktningestatus, dvs. dei har fått opphaldsløyve og blitt plassert ut i kommunane, å gå gjennom eit introduksjonsprogram. Programmet varer i to år. Der lærer dei grunnleggjande norsk og samfunnsfag. I tillegg skal dei i stort sett heile perioden vere utplassert i verksemder for å lære korleis arbeidslivet fungerer. For å få økonomisk stønad til livsopphald, må flyktningen gjennomføre dette løpet. Etter programmet må dei i utgangspunktet klare seg sjølve.

### Flyktningar har god utdanning
 og er ivrige etter å gjere nytte fort Gjennom arbeidet som flyktningeguide, har vi fått augo opp for at det ikkje er berre khattyggjande latsabbar som kjem til Noreg. Dei vi har hjelpt, har god utdanning: Ingeniør, musikkpedagogar og anna universitetsutdanning, og dei er ivrige etter å kome seg i arbeid. Den eine ungdomen avbraut introduksjonsprogrammet for å starte i lære som elektrikar. Lærlingeplassen ordna han sjølv ved å oppsøkje aktuelle verksemder! Flyktningane ynskjer seg fagutdanning og jobbar, så dei kan bli ferdige med støtteordningane.

Eit anna døme er kona hans. Ho er rundt 30 år, og har ein bachelor innan vassteknikk frå eit universitet i Kina. Ho fekk hjelp av saksbehandlaren sin i NAV til å søkje om å få godkjend utdanninga si i Noreg. Ho måtte rett nok betale fleire tusen kroner for å få søknaden behandla i det offentlege systemet. Det er ikkje lett å få godkjenning for høgare utdanning her, når du kjem frå dei tidlegare Sovjetlanda, til dømes. Men ho fekk godkjenning. Ho kan altså, om ho ynskjer, byggje vidare på utdanninga, eller få høveleg arbeid, ut frå det ho har studert.

Eit døme på det motsette: Ei kvinne som arbeidde som augelege i heimlandet, fekk etter eit kurs innan helsearbeid, berre godkjenning for å vere hjelpepleiar her. Ho har no fast jobb på ein sjukeheim i Oslo.

På den andre sida, kan det vere at det berre er dei som vil opp og fram som melder seg til Røde Kors for å vere med på kickstarten saman med flyktningeguidar. Eigentleg burde dette også vore obligatorisk.

Flyktningar som er akademikarar, eller vil ta høgare utdanning, må ha den såkalla Bergenstesten, som er høgaste nivå norsk for innvandrarar. Vi erfarer at dei synest det er litt trått å gjere arbeid som ein i utgangspunktet ikkje er interessert i ut frå den bakgrunnen ein har, slik dei ofte må i starten, men det viser òg at utan gode norskkunnskapar kjem du ingen veg, korkje i arbeidslivet eller vidare studiar.

Meld deg på! Det tek tid å finne seg til rette i Noreg, men med støtte frå flyktningeguidane blir det lettare.

Meld deg til teneste som flyktningeguide og hjelp til å gjere flyktningen trygg i det norske samfunnet. Både du personleg og samfunnet får mykje att for det, kjapt!

Lenker:

Røde Kors Flyktningeguide.

Introduksjonsprogram for nyankomne flyktninger og deres familiegjenforente.